Noko av poenget med å blogge, er jo at nokon les det ein skriv. Og for at nokon skal ha lyst til å lese, bør du jobbe for at bloggen skal bli så god som mogeleg.
Læraren kjem ikkje til å vurdere og gje kommentarar fortløpande, men vil gje ei undervegsvurdering halvvegs i terminen. Ved treminslutt blir bloggen ein del av grunnlaget for norskkarakterane. Oppsettet av bloggen, språk og innhold vil bli vurdert, og etter kvart kjeldebruk og om du beherskar å leggje inn bilete og lenkar i innlegga dine. Med andre ord: skriv sakleg og ryddig, og bruk litt tid på å få det til å sjå fint ut! Vi skal jobbe med desse tinga etter kvart.
De blir no delt inn i grupper på fire. Alle skal gå inn og kommentere på bloggane til dei andre på gruppa. Gje minst éin positiv kommentar, og helst også eit forslag til forbetring. De kan kommentere heile bloggen, eller enkeltinnlegg. Slik kan de hjelpe kvarandre til å bli betre.
Gruppe 1: , Vemund, Mikkel, Natalia, Marius
Gruppe 2: Didrik, Fabian, Sean, Sebastian
Gruppe 3: Anniken, Andreas, Maria, Ali
Gruppe 4: Brit, Veronika, Mari, Karoline
Gruppe 5: Anna, Julie, Sverre, Kristoffer
Gruppe 6: Shkelqim, Nicolai, Martine, Simen
Gruppe 7: Nora, Henriette, Emil, Jørgen